Siste turer som lokomotivfører.
Byrja som lokomotivføreraspirant 1 februar 1980 på morgonen,
40 år, 6 månader, 23 dagar, 4 timar og 7 minutter seinare stoppa eg mitt siste tog som lokomotivfører.
Er så fort å gløyma noko
så eg stopper kort med å skriva at der har vore ein SVÆRT GOD OG FIN ARBEIDSPLASS.
No venter nokon veker med ferie før eg kan kalla meg skikkeleg pensjonist fra 1 oktober.
Kva eg skal til med no ?
Trur dagane skal gå fort uten oppsett turnus
og sidan eg har skaffa meg domenet lokmartin.net
så vil det nok komma ut bilder her med ujamne mellomrom sjølv om eg ikkje kjører lokomotiv lenger ---.
Bildene nedover er først fra siste turen min over fjellet 18 - 19 august ,
dvs Bergen - Ål med nattoget og Ål - Bergen med føremiddagstoget fra Oslo.
Så var det fridager i turnusen min
og så vart det tur til Hallingskeid lørdag 22 august
før siste dag søndag 23 august med morgontur
Voss - Bergen - Myrdal - Voss
Byrjar med tog 606 i Bergen, eg er klar for siste natt turen min.
Tog 606 på Finse
Morgon ( føremiddag ) på Ål og siste kaffikoppen min på balkongen i Velferden ( overnattingsplassen vår )
før siste tur vestover over Langfjella, også kalla Bergensbanens høgfjellstrekning.
Utsikt over Ustevatnet fra øst mot vest
Ved Tangen
To bilder med utsikt i området Nysetlægret --
----
Gamle Storurdi vokterbolig
Oksabotn.
Siste bilde fra Finse stasjon som lokomotivfører.
Utsikt mot bla Finseneset, som de ser er det fortsatt noko snø at 19 august.
Utsikt mot den gamle Fokkstova, Såtadalen går innover til høgre i bildet.
So kjem bildet av hytta som stod langs med gamle linja ved Lågheller som eg fram til no har kun kalla for hytta.
Eigarane av denne har kalla den for Slottet og det er absolutt ikkje feil.
Men no vert det slik kjære eigere av denne ---
-- det vert nok ikkje så mykje meir oppdatering av når De har skiføre på plenen
eller når De kan klippe plenen her på denne sida ---- :-)
Ved Låghellervatnet
Ved Midtstova
Utsikt over Grøndalsvatnet
Ved Klevavatnet ---
--- og bilde andre vegen ved Klevavatnet.
Seltuftberget vokterbolig
Utsikt over Seltuftvatnet.
Upsete fra vest
Stor Takk til Bjørn Erik som knipsa meg på siste tur med El 18 og tog 61 på Vaksdal stasjon,
jau, helseplikta vart halden :-)
Tog 61 fra Oslo til Bergen er komme fram i rute onsdag 19 august 2020.
Dette var siste turen min på lokomotiv type El 18 --- har vore ein FIN arbeidsplass.
Og så kjem eit bilde der eg håper at saka er forelda, satsa på at etter 30 år er saker forelda ----.
Kva no ?
Jau eg skammer meg / ler litt dei fleste ganger eg kjøre forbi denne garasje som ligg "ein plass" langs Bergensbanen.
Eg var uheldig når eg kom nedover med Di3 ( Nohab ) og sporrenser
siste halvdel av -80 talet.
Det var mykje snø og eigar av dette bygg stod på taket å måka snø av taket inn mot skinnegangen.
Mykje snø i sporet -- og det guten hadde måka inn i tillegg ---
-- og det var ikkje muligheit å bremsa farten ned ---
jau da ---- han fekk snøen med renter og rentesrenter fint opp att på taket ---.
Beklage so mykje ----
-- vonar eigaren tar det med godt humør no i ettertid og gjerne ikkje måker snø ut i skinnegangen fleire ganger ---- :-)
Og sjølv kaller eg dette det nærmaste
eg har komme å gjera jævelskap med nokon på / langs Bergensbanen på mine godt 40 år som lokomotivfører her --.
Da stopper tekstskrivinga her no i kveld, klokka har gått fra meg.
Meir tekst fra mine to siste dager som lokomotivfører kjem med tid å stunder når eg får ledig tid.
Takk for laget til alle kollega på jernbanen !
Og som sikkert mange av dykk har observert kom ein utsending fra lokalavisa "Hordaland" på stasjonen
når eg stoppa siste dagen og meir om det finn De på denne linken.
|