Skitur til Hanseladalen
i dag også --- denne gang med medbrakt spade ---.
PS: Er litt utfordringer på serveren som denne nettsida ligg på.
Dei er kjent med at det er ustabilt og arbeider med saka.
Byrjar nede i Jeraldshagane,
er noko stigning oppover her men rimeleg godt å gå så langt nede.
Er komme til Krossfòro ( Krossfuru ).
Dette er ein gammal kvileplass fra den tid me buførte kyrene til stølen,
ferdig med dei brattaste motbakkane no.
Tilbakeblikk mot Skjemmuna og Sandfjellet
Jau var ei lita skarehinne som eg trakka gjennom --- men som De ser på bildet under så flyt rypeføttene oppå skaren ----.
Er komme til stølen Veskre,
har auka på med snø sidan sist ( 4 mars ) , komme opp på rikeleg 1.70 meter no.
Nokre bilder av stølshusa på Veskre, er nok rikeleg med snø til påske dette året.
Fra denne vinkelen er det ikkje lett å sjå floren ( fjøsen ) som vert brukt om sommaren
for å få god stølsmjølk / mjølkeprodukter ut til oss.
Utsikt mot det me på folkemunne kallar SongvesVeskre,
er gardane på Songve som har desse stølane.
No på vinteren er alle gjerder borte og da får me sjå eit fint sel / stølshus fra andre sida i forhold til vegen me går i på oppsida.
Turen går vidare utover omtrent midt i bildet
Fiint ---
--- og andre vegen ser det slik ut.
Kan opplysa om at Frøya fekk ein strevsam tur i dag.
Labbane var for små i forhold til vekta på dette føret med bruddskare
og med det trakka ho ofte ned slik at det var omtrent magen som stoppa mykje av vegen fra Veskre og ut til hytta --
-- og da var det godt med kvile titt og ofte ---.
Fast fotoplass alle årstider her på Hanselaleitet med utsikt over Hanselavatnet og utover Tinden.
Vart så fint når eg kom ned i dalen at det måtte verta bilde her også :-)
Tilbakeblikk mot Hanseladalen.
Som De ser var det ikkje mange spor her,
kun skia til underteikna som har laga spor og Frøya har gått i skispora
Og her er hytta.
Ser De tilbake til 4 mars linken så er det komme litt meir snø, pipa er omtrent borte no.
Litt meir om snøforholda ved hytta.
Hukommelsen vår er ofte litt kort,
etter tanker / spørsmål om snømengde i år i forhold til snøvinteren 2015 så trudde eg at det er meir no.
Bildet under er fra i dag ----
--- og når eg fant fram bilde fra 25 mars 2015 så er nok konklusjonen at det var like mykje da
men snø låg litt på ein anna måte rundt pipa.
Dvs, sola var byrja å tine bort snøen framt på taket da ----.
Etter 1 time med spaden måtte det verta kaffipause ---
--- og etter rikeleg 2 timar med spaden var taket, pipa og det meste av vindauga komme fram i dagslyset at,
døra får eg prøva å finna fram ei anna gang ---- :-)
Avsluttar på heimturen.
Som skrive lenger oppe vart det ein strevsam tur for Frøya i dag og da er pauser viktige.
Til dykk som er lokalkjente kan eg notere at me brukte nesten halvtimen fra hytta og ned til sommarparkeringa på Veskre,
da skjønne de at føret for Frøya var dårleg ----.
|