Tur i skogen på Strondæ
for å studera snøforholda.
Byrjar ved snømålestaven ca 610 m.o.h. - 26 cm snø no.
Her er det som i alle dagar har vore utfordringsbakken i vintervegen min.
Jau, har rydda andre vegar i haust men dette er tross alt beste vegen fortsatt.
I snøkanten De ser litt over midt på bildet er det ein skarvknaus og eg treng noko snø for å komma opp den.
Men med rikeleg vind i det siste var her litt snøskavel
og med det var det berre å legge inn sperring på alle belter på 4-hjulingen og da krabba den fint opp :-)
Og når eg var komme opp utfordringsbakken ( det mange kallar problem )
vart det ein god kaffi og nistepause :-)
Slik ser Frøya ut når det for ei stor elgkyr nedover skogen her litt framfor oss,
diverre ikkje bilde av elgen da den flytta seg helst fort --
-- var mykje gode lukter her ---- :-)
Her trur eg hogstfeltet mitt vert i vinter, mykje fin grov og kortvokst bjørk her ca 650 m.o.h :-)
Avsluttar med meterstokken der som bildet over er fra da eg synst det var meir snø her ute,
knappe 36 cm her.
Kort skrive no så er nok mykje klart for tur med motorsaga i lia sjølv om eg kunne yngst meg litt meir snø ---.
|